Fali måneferd
Flåklypa-trilogien er ei vellukka fornying, jamvel om siste kapittel har manglar.

(Noreg, 2018)
Regi: Rasmus A. Sivertsen.
Manus: Karsten Fullu, basert på karakterane til Kjell Aukrust.
Røyster: Trond Høvik, Kari-Ann Grønsund, Per Skjølsvik, Kåre Conradi, Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle.
Lengde: 1 t. 20 min.
Første gong vi såg Flåklypa på kino, var hovudattraksjonen eit billøp. I den avrundande delen av den nye Flåklypa-trilogien høgnar sykkelreparatør Reodor Felgen innsatsen frå eigenbygd racerbil til sjølvteikna månerakett (fjernstyrt frå jorda, «for å kunne overholde hviletidbestemmelsene»). Konstruksjonen blir finansiert av ein naturressurshungrig statsbyråkrat, bygd av eit produktplassert Norsk Hydro og applaudert av Enkefru Stengelføhn-Glad, no forfremja til ordførar i Flåklypa. Den alltid sjølvskrytande Solan Gundersen er straks klar til å planta det norske flagget på månen, medan ein skeptisk Ludvig heilt uforvarande plantar filttøflane midt i det høgteknologiske fartsdramaet.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent