Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Japansk botsferd med rast

VEGEN TIL HJARTA GÅR VIA MAGEN: Kokken Masatos foreldre frå Japan og Singapore i ei lukkeleg stund ved bordet. FOTO: FIDALGO

Sentimentalt om mat og krigshistorie.

(Ramen Teh, Frankrike/ Japan/ Singapore, 2018)

Regi: Eric Khoo.

Manus: Tan Fong Cheng, Wong Kim Hoh.

Med: Takumi Saitoh, Mark Lee, Jeanette Aw, Tsuyoshi Ihara, Tetsuya Bessho, Beatrice Chien, Seiko Matsuda.

Lengde: 1 t. 30 min.

Matfilm er ikkje ei heilt presis nemning på «Ramen Shop», men filmen plasserer seg i ein lang, asiatisk tradisjon for å nyt(t)a mattradisjonar, matlaging og eting til å fortelja om alt frå smuldrande familieverdiar og eksponering av underkommuniserte klasseskilje, til historier om religiøsitet, sex og familieomsorg. I japansk film finst det tallause døme på all denne bruken frå Yasujirô Ozus 1950-tals filmar til vår tids originale familiehistorier frå Naoko Ogigami.