Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattSpråk

Ny rekord, Lomheim!

I spalta «Språket» onsdag 29. august set Sylfest Lomheim ny personleg rekord i mengd av skrivefeil i eitt ord. Under overskrifta «Tenk tysk!» dreg han fram eit døme frå færøysk for å vise samanhengen mellom vårt ord tysk og det færøyske ordet þjod. Den nye personlege rekorden ligg her: Tre feil i eit ord på fire bokstavar! Rett skrivemåte er tjóð. (Bokstaven þ blir ikkje brukt i færøysk, så Lomheim blandar truleg saman færøysk og islandsk.) Teatret i Tórshavn som han omtalar, heiter Tjóðpallur Føroya. Lomheim skriv at det betyr «folketeater». Dette er i beste fall unyansert, for ordet betyr rett og slett «nasjonalteater». Og det blir jo noko litt anna.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?