Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vilter: Kristine Næss går opp grensene mellom ideal og realitet i sin nye roman.

Tenkt og framandgjort

TETT: Språket til Kristine Næss er fyldig nok til å romma store tankar og finmaska nok til å halde på små detaljar. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Tom Henning Bratlie/Klassekampen
Litteratur

Kristine Næss

Mens jeg husker det

Litteratur

Forlaget Oktober, 354 sider

Kristine Næss’ romanar handlar om utsette, tilsidesette og litt rufsete eksistensar. Personane hennar er likevel ikkje tuslete og tafatte, men heller viltre og uføreseielege: råbarka og aggressive i ein augeblink, sjølvutslettande og sårbare i den neste.