Ein svart og ein kvit politimann må få felles identitet for å tryggja samfunnet. Ein betre allegori skal USA leita lenge etter.
(USA, 2018)
Regi: Spike Lee.
Manus: Charlie Wachtel, David Rabinowitz, Kevin Willmott og
Spike Lee etter ei bok av Ron Stallworth.
Med: John David Washington, Adam Driver, Topher Grace, Laura Harrier, Ryan Eggold, Alec Baldwin.
Lengde: 2 t. 15 min.
Ku Klux Klan er i ferd med å hengja frå seg kappene og gå vekk frå dei brennande krossa, hevdar Sergant Trapp (Ken Garito), leiar av spaningsgruppa i det lokale politiet: The Grand Wizard, David Duke (i filmen spela av Topher Grace), kallar seg no «nasjonal leiar» for «organisasjonen» og har blikket retta mot stoverein politikk.