Eitt av dei aller største kultursjokk eg nokosinne har opplevd, er lesinga av og førelesingane om boka «En del elementære logiske emner» av Arne Næss. Dette føregjekk i 1996, då eg kom som bondestudent til Bergen for å gå på universitetet, og begynte med ex.phil. Bokas dekonstruksjonar av all naturleg samtale framsto for meg som så absurd, at eg måtte avreagere med å lage PAC og PEC-lister (Argumentlister for og mot, høvesvis med og utan konklusjon) om idiotiske problemstillingar på ettermiddagane.