Jan Olav Gatland
Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré
Litteratur
Samlaget 2018, 235 sider
For 150 år sidan, i 1868, blei to viktige nynorskinstitusjonar skipa: Det norske Samlaget i Christiania og Vestmannalaget, landets første mållag, i Bergen. Mons Litleré var fødd året før, og vaks opp i Naustdal i Sunnfjord. I den nye og bokhistorisk orienterte biografien om Litlerè viser Jan Olav Gatland korleis personleg pågangsmot og institusjonell teft har vore avgjerande for nynorsk som bokspråk.