Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Minner: Sarah Zahids diktdebut talar frå innsida av ei konkret livsverd.

Austkantjente

Litteratur

Sarah Zahid

La oss aldri glemme hvor godt det kan være å leve

Litteratur

Flamme forlag 2018, 80 sider

Denne debutsamlinga består av til synes enkle snapshots frå ein oppvekst på Oslos autskant, som dotter av innvandrarar frå Pakistan. Forfattaren, Sarah Zahid, er fødd i 1996. Og det står for meg som naturleg at mange av dei nye røystene i den skandinaviske lyrikken er barn av innvandrarar. Her har me ein generasjon som har nokre heilt nye erfaringar, som har eit heilt nytt stoff å arbeida med. Utan med det å ha sagt at dette er uforma bekjennelseslyrikk, på ingen måte.