Noreg sett som ei leikegrind: Original, men overtydeleg kulturkritikk frå sjølvopptatt, pengedopa «wannabe-USA».
(Noreg, 2018)
Regi og manus: Jørn Utkilen
Med: Cato Skimten Storengen, Ole Christoffer Ertvaag, Nina Ellen Ødegård, Kristoffer Joner, Helga Guren, Arthur Berning, Jørgen Foss, Edward Schultheiss, Ole Johan Skjelbred, Morten Liene, Kamilla Grønli Hartvig, Laura Vallenes
Lengde: 1 t. 29 min.
I Jørn Utkilens «Vann over ild» har oljelandet Noreg vorte til ein isolert campingplass, der namnlause innbyggjarane er sedat velståande plastprodusentar, som ikkje ein gong orkar å fjerna si eiga søppel frå gata. I staden for å arbeida driv mennene med ein nærast rituell westernleik. Ikledd overdimensjonerte cowboyhatthjelmar «rir» dei på mopedane sine inn i skogen, der dei steiker frosenpizza på leirbål medan dei syng enkle, engelskspråklege poplåtar som speglar deira indre lengt og einfald.