Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Vann over ild» skyt frå hofta i naivistisk satire med maksimalistiske verkemiddel.

Campingwestern

POSSE: Mopedcowboyane i ein foreint og idyllisk augneblink, før vaksen-vondskapen kjem til byen. FOTO: APE & BJØRN Eirik Evjen

Noreg sett som ei leikegrind: Original, men overtydeleg kulturkritikk frå sjølvopptatt, pengedopa «wannabe-USA».

(Noreg, 2018)

Regi og manus: Jørn Utkilen

Med: Cato Skimten Storengen, Ole Christoffer Ertvaag, Nina Ellen Ødegård, Kristoffer Joner, Helga Guren, Arthur Berning, Jørgen Foss, Edward Schultheiss, Ole Johan Skjelbred, Morten Liene, Kamilla Grønli Hartvig, Laura Vallenes

Lengde: 1 t. 29 min.

I Jørn Utkilens «Vann over ild» har oljelandet Noreg vorte til ein isolert campingplass, der namnlause innbyggjarane er sedat velståande plastprodusentar, som ikkje ein gong orkar å fjerna si eiga søppel frå gata. I staden for å arbeida driv mennene med ein nærast rituell westernleik. Ikledd overdimensjonerte cowboyhatthjelmar «rir» dei på mopedane sine inn i skogen, der dei steiker frosenpizza på leirbål medan dei syng enkle, engelskspråklege poplåtar som speglar deira indre lengt og einfald.