Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dei raudgrøne vil gje lærarane tillit

REFORM: Ap, Sp og SV ber regjeringa om ei tillitsreform i skulen. Dei meiner politikarar og skulemyndigheiter i mykje større grad må halde fingrane unna klasseromma. I eit felles representantforslag på Stortinget ber dei tre partia regjeringa gjennomføre totalt sju tiltak for å gi lærarane meir tillit og olbogerom. Å redusere omfanget av rapportering og dokumentasjonskrav og gjennomgå heile regimet for testing og vurdering av kvalitet er blant dei viktigaste krava. – Elevane treng lærarar som har tid og kunnskap til å følgje dei skikkeleg opp, og lærarane treng tid og tillit til å gjere jobben, seier Aps skulepolitiske talsperson Martin Henriksen.©NTB