Daniel Nitsch hadde feira jul heime hjå ho mor. Då han kom tilbake til husværet sitt utanfor Berlin, var det derfor lite mat igjen i kjøleskapet. Nitsch er arbeidsufør på grunn av epilepsi og avhengig av stønad frå staten for å overleva. Derfor må han også kontrollerast.
Alt kan kontrollerast i Tyskland. Ikkje minst folk på trygd.