Utviklingen av en selvbevisst kunstig intelligens vil ende i identitetskrise, ikke verdensherredømme.
Karl Kristian Bekeng
OPPVÅKNING: Dolores er blant robotene som gradvis har fått tilgang på gamle fortellinger fra tidligere narrativer. Disse fortellingene var reisverket i robotenes gradvise oppvåkning til full selvbevissthet, et hovedtema i «Westworlds» første sesong. FOTO: HBO NORDIC
[@portabletext/react] Unknown block type "cover-box", specify a component for it in the `components.types` prop
TIL TOPPS: Ein av mange tindeerobringar i «Mountain». FOTO: TOUR DE FORCE
(Australia, 2017)
Regi: Jennifer Peedom.
Manus: Robert Macfarlane, Jennifer Peedom.
Forteljarrøyst: Willem Dafoe.
Lengde: 1 t. 13 min.
«Og fjellene selv roper langt hurra», skriv Bjørnstjerne Bjørnson. Ropet er i røynda ikkje anna enn ekkoet av diktarens eigen nasjonalisme anno 17. mai 1859. For slik den britiske forfattaren Robert McFarlane skriv i boka «Mountains of the Mind», er naturen sjølvsagt ropande likeglad overfor våre førestillingar om han. Likevel speglar naturen, i dette tilfellet dei store fjella, vår eiga idéhistorie. Det er ikkje minst synleg i Noreg og dikt som «Det ligger et land mot den evige sne». Det norske sjølvstendestrevet fall saman med den romantiske epoken, då synet på «vill» natur endra seg. Det som før var heim for troll og meir prosaiske farar, vart sublimt og attråverdig. Her til lands vart det eit symbol på at nordmenn var noko anna enn svenskar og danskar. Ei sanning meisla i stein: «Enig og tro til Dovre faller.»