Du kan bla til neste sideBla med piltastene

To av tre fekk opphald i fjor

ASYL: Det kjem framleis få asylsøkjarar til Noreg, men av dei som kom i fjor, fekk 67 prosent opphald. Det viser ein ny rapport som Norsk organisasjon for asylsøkjarar (Noas) la fram måndag. – I 2017 var 60 prosent av dei rundt 3.300 som kom, kvinner og barn. Av dei som fekk behandla sakene sine, fekk 67 prosent, eller to av tre, opphald. 61 prosent fekk vern og cirka 6 prosent fekk opphald på humanitært grunnlag, seier Ann-Magrit Austenå, generalsekretær i Noas, til NRK. Ifølgje Austenå var hovudgruppene som kom i fjor, frå Syria og Eritrea. Den tredje største gruppa som kom til Noreg i 2017, var tyrkarar.©NPK