Får far frå gata: Sofia Haugan kinodebuterer denne veka med «Røverdatter», ein sjølvbiografisk dokumentar om forholdet til den rusavhengige faren. Tom Henning Bratlie
«Husk at jeg er en gammel mann på 54 år.» «Du oppfører deg som om du var 15!»
Bak lås og slå: Hiam Abbass spelar matriarken som freistar å verna familieheimen. Foto: Norsk Filmdistribusjon
(Belgia/ Frankrike, 2017)
Regi og manus: Philippe Van Leeuw
Med: Hiam Abbass, Diamand Bou Abboud, Juliette Navis
Lengde: 1 t. 25 min.
Sivile borgarar i Syria lever som fangar i sitt eige land. Det er eit poeng alle stridande partar i krigen freistar å gjera til eit argument for si sak og eit repetert poeng i avmektige dokumentarar og krigsreportasjar. Etter sju år har ikkje innsikta ført til internasjonalt folkeengasjement for å få slutt på krigen. Den mest handfaste, politiske opinionsreaksjonen i Europa har vore ei markante høgredreiing og skepsis til krigsflyktningar.