TYSK FILMKUNST: «Menschen am Sonntag» blei vist under Berlinalen med nykomponert musikk av bandet Múm.
FOTO: DEUTSCHE KINEMATHEK
I november 2017 var det 100 år sidan Weimarrepublikken vart oppretta. Det første tyske demokratiet varte i omlag 15 myteomspunne år mellom keisarriket, som gjekk i grava etter 1. verdskrig, og Hitlers valsiger i 1933, som varsla andre verdskrig.
GODT VAL: Valet av Andrea Berntzen i hovudrolla kunne ikkje vore betre. Ho har ein autoritet og karisma som ein kan venta å finna på AUFs sommarleir. FOTO: AGNETE BRUN
(Noreg, 2018)
Regi: Erik Poppe
Manus: Manus Siv Rajendram Eliassen og Anna Bache-Wiig
Med: Andrea Berntzen, Elli Rhiannon, Müller Osborne, Jenny Svennevig, Aleksander Holmen, Ingeborg Enes, Sorosh Sadat, Brede Fristad, Ada Eide
Lengde: 1t. 30 min.
«Utøya 22. juli» er ein rekonstruksjon av hendingane på ettermiddagen 22. juli 2011. Filmen opnar med bilde frå overvakingskamera i Grubbegata, der vi ser terroristen gå frå den parkerte varebilen under høgblokka. Det er nesten alt vi får sjå av han (Han blir heller ikkje nemndt med namn, ikkje ein gong på den kontekstualiserande etterteksten). Det vi får sjå, i ein effektivt kort og velredigert sekvens utan annan presentasjon enn klokkeslettet, er autentiske bilde av effekten av bomba i Oslo. Også det via overvakingskamera og dei første reportasjeopptaka frå åstaden. Ingen menneske finst på bilda.