Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Abort

  • Nei, no har vi prata litt lite om årsmøtevedtaka frå Stavanger Frp. I år har dei vedteke at dei vil greie ut noko dei kallar «juridisk abort». For alle oss som trudde abort hadde noko med å avbryte svangerskapet å gjere – tru om att! Ved juridisk abort kan fosteret få vekse opp, skilnaden er berre den at far kan seie frå seg alle plikter. Med andre ord: Det er far som aborterer seg sjølv frå familien, ikkje nokon som aborterer fosteret. «Vi vil sikre en reell likestilling mellom foreldre. I dag er det bare den ene parten som kan velge å avslutte et foreldreskap», seier Kristoffer Sivertsen, leiar av Stavanger Frp, til Stavanger Aftenblad. Men kvifor stoppe der? Her er mine framlegg til ny politikk: