Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Signert

Solidaritet forfattarar imellom er det farleg å seie farvel til

Bjørg Vik var blant dei som gav meir enn dei tok imot.

I Vestre Porsgrunn kirke sa vi fredag for ei veke sidan farvel til forfattaren Bjørg Vik. Mange har skrive om leiken, kampen, krigen og kjærleiken mellom kvinner og menn, men Bjørg skreiv om moderne menneske, moderne kvinner og moderne menn, om utruskap og spenningar, slitasjen i ekteskapet, lyst og sorger, svik og lykke. For meg står bøkene om Elsi Lund aller høgast, dei høyrer med i min litterære kanon frå det 20. hundreåret. Der høyrer eg suset frå poplane på Sankthanshaugen på førti- og femtitalet, og der lyser også klassetilhøva i Oslo igjennom, sjølv om dei sjeldan blir omtalte.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen