Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lanserer kompromiss om namn på vestlandsregion:

Kastast i krigen

NAMNEKJEKLING: Kommunalminister Monica Mæland (H) skal løyse navnestriden om «Vestlandet». Her i lag med fylkesvaraordførar Marianne Chesak (Ap), Rogaland (t.v.) og fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Ap), Hordaland, Jenny Følling (Sp), Sogn og Fjordane og Jon Åsen (Ap), Møre og Romsdal. Tom Henning Bratlie

MEKLAR: Kommunalminister Monica Mæland skal løyse namnestriden om «Vestlandet». «Vestland» kan verte kompromisset alle kan godta.

Landets nyslåtte kommunalminister Monica Mæland fekk som ei av sine første embetshandlingar å stikke hendene inn i eit kvefsebol av konfliktar. Ho opna i går kontoret sitt for eit toppmøte med fylkespolitikarar frå dei fire vestlandsfylka. Dei er rykande usamde om kva det vestlandsfylket skal heite.