Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Shithole Country

SAMANSTØYT: Sam Rockwell som den valdelege politimannen Dixon og Frances McDormand som den rettferdssøkjande mora Mildred. Foto: Twentieth Century Fox Merrick Morton

Ein film det er lett å bli politisk riven med av, men som karikerer berre for å underhalda.

(England/ USA, 2017)

Regi og manus: Martin McDonagh.

Med: Frances McDormand, Sam Rockwell, Woody Harrelson, Caleb Landry Jones, Abbie Cornish, Peter Dinklage, Kathryn Newton, John Hawkes.

Lengde: 1 t. 55 min.

Rettferd er ei sterkt etterspurd mangelvare i verdas mest konsumentorienterte samfunn. I «Three Billboards Outside Ebbing, Missouri» tyr ei kvinne symbolsk nok til reklameplakatar langs vegen for å etterlysa rettferd for dottera, som vart valdteken og drepen nettopp her.