Ein film det er lett å bli politisk riven med av, men som karikerer berre for å underhalda.
(England/ USA, 2017)
Regi og manus: Martin McDonagh.
Med: Frances McDormand, Sam Rockwell, Woody Harrelson, Caleb Landry Jones, Abbie Cornish, Peter Dinklage, Kathryn Newton, John Hawkes.
Lengde: 1 t. 55 min.
Rettferd er ei sterkt etterspurd mangelvare i verdas mest konsumentorienterte samfunn. I «Three Billboards Outside Ebbing, Missouri» tyr ei kvinne symbolsk nok til reklameplakatar langs vegen for å etterlysa rettferd for dottera, som vart valdteken og drepen nettopp her.