Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit ljos: Når Maria Parr skriv fram sitt vestland, grip ho oss.

Jordnært overskot

Under ein Se og Les-konferanse i Bergen for nokre få år sida, stod Atle Knudsen på programmet med eit føredrag. Dette er manusforfattaren og regissøren bak TV-serien «Vaffelhjarte», basert på Maria Parr si bok med same namn. Boka (og filmen) handlar om niåringane og naboane Trille og Lena som bur i ei forblåst vestlandsbygd, der Lena er einaste jenta i klassa, om deira kvardagsliv med elleville påfunn og meir alvorlege livshendingar. Då Knudsen sette i gang traileren for serien på eit stort lerret, med Odd Nordstogas song ‘Bestevenn’ som lydspor, byrja vaksne folk i salen å grine. Det var som å trykke på ein knapp. Eg hadde sett serien sjølv, så eg fann det heilt naturleg. Det er rett og slett ein god, rørande, norsk TV-produksjon. Men han har sjølvsagt òg eit godt førelegg, i Maria Parr sin roman.

Build env: production, running in production mode, Sanity: production