Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nestleiar Per Sandberg vil ha reforhandling av EØS-avtalen på ei rekkje område:

Kan bli EØS-motstandarar

VANT EU-KAMPEN: Eit samrøystes Frp-landsmøte gjekk i helga inn for at Noreg skal seie nei til norsk EU-medlemskap. Her voterer nestleiar Per Sandberg og leiar Siv Jensen. Foto: Marthe Amanda Vannebo

NEI ER NEI: Frp går for fyrste gong til val på nei til norsk EU-medlemskap. Dei vil heller ikkje ha dagens EØS-avtale.

Før EU-røystinga i 1994 erklærte Frp-formann Carl Ivar Hagen at Erik Solheim og Anne Enger var «så nasjonalistiske at det vekker minner om Quisling-partiet Nasjonal Samling». I helga røysta både han og resten av Frp for at partiet skal seie eit tydeleg nei til norsk EU-medlemskap.