NEI ER NEI: Frp går for fyrste gong til val på nei til norsk EU-medlemskap. Dei vil heller ikkje ha dagens EØS-avtale.
Før EU-røystinga i 1994 erklærte Frp-formann Carl Ivar Hagen at Erik Solheim og Anne Enger var «så nasjonalistiske at det vekker minner om Quisling-partiet Nasjonal Samling». I helga røysta både han og resten av Frp for at partiet skal seie eit tydeleg nei til norsk EU-medlemskap.