Korleis står det til med litteraturen i det postfaktuelle samfunnet? I dette samfunnet der informasjonsflyten plutseleg har rørt seg i retning falske nyhende (som kven som helst no kan nytte seg av, dersom det dukkar opp ekte, og uheldige, nyhende om eins eigen person, kan ein rope: «falske nyhende!»), der vestlege presidentar som har blitt valde av millionar av menneske ikkje er redde for å lyge, og der menneske tek imot løgnene utan å blunke stivt – for kven veit eigentleg kva som er sant? Dette samfunnet der avisene hentar inn meiningar om ekte nyheiter frå tilfeldige twitrarar som formulerer seg kortfatta og fyndig på twitter, dette samfunnet som vi no kanskje litt forbløffa har blitt vande til. Kanskje kunne ein, om ein skal sjå på dette frå ein litterær ståstad, påstå at det såkalla postfaktuelle samfunnet har rørt seg over i det fiktive, og på sett og vis har herma litteraturens mimetiske og ikkje-ekte vesen, og det skulle såleis, om ein tenkte seg litteraturen og røynda som to ulike sfærer, føre til ei utjamning, ei utnulling av forskjellar, «vi lever i ein roman!» kunne vi seie, når vi såg D. Trump bli valt til president, men så er det altså slik at det gjer vi ikkje. Og kva har litteraturen halde på med dei siste åra? Med verkelegheit, sanning. Samtidig som samfunnet altså har gått mot fiksjon, har litteraturen gått mot: sanning. No ventar ein derimot på bølgjerørsla mot sanninga, at forfattarane skal vende seg mot draum og fiksjon, det har til og med frå kritikarhald blitt ytra bekymring for om forfattarane med verkelegheitslitteraturen har gløymt korleis det er å dikte. Det er her vi må ta opp roperten og rope: Aldri før har det vore så viktig at litteraturen går til sanninga. Vi står i ein korsveg, hallo! I det postfaktuelle samfunnet må litteraturen til sanninga. Litteraturen må vise den fram, og spørje kva sanning er. Og her kjem det paradoksale: det har nemleg den gode litteraturen alltid gjort. Både når han avslører falske forteljingar om kva som hender i den verkelege verda, og når han avslører falske forteljemåtar i forteljingane om kva som skjer i verda.