Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gud & Co.

•Sjølvaste Gud har vorte viktigare i norsk politikk igjen, etter at mykje dei seinare åra har handla om Allah. På landsmøtet til Arbeidarpartiet sist helg, var muslimen Hadia Tajik den fremste forsvararen for at partiet skulle halde fast på K-en i skolefaget KRLE (Kristendom, religion, livssyn og etikk). Vårt Land og Dagen la sjølvsagt stor vekt på hennar forsvar av K-en: «Vi må rekne med at Gud klarar seg sjølv. Vår politikk er ikkje for henne. Eg trur ikkje ho har stemmerett eingong. Vi lagar politikk for folk», sa Tajik. Kristenavisene var like fascinerte over at ho framstilte Gud som ei kvinne som at ho gjekk i religionskrigen for Kristeleg Folkeparti. Partiet til kristenfolket skal elles på landsmøtet til helga vedta nytt partiprogram, som har fått namnet «Det handler om mennesker».