Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kunst

Lidingssoge for vår tid

Den amerikanske kunstnaren Dana Schutz’ «Open Casket» på Whitney-biennalen er kanskje årets mest omtalte og kontroversielle verk.

SKAMFERT: «Open Casket» vart vist under Whitney-biennalen i New York. Verket er basert på eit historisk fotografi av Emmett Till – ein svart, amerikansk 14-åring som i 1955 vart lynsja etter å blitt feilaktig skulda for å ha lagt an på ei kvit dame. FOTO: Alina Heineke, AP/NTB Scanpix

Påska er tida for pasjonar, for lidingssoger. Eller, det riktige er vel å bruka eintal: Det er tida for lidingssoga, for påskepasjonen. Dei siste dagane til Jesus frå Nasaret, jødenes konge, fyller fleire hundre år av den vestlege kunsthistoria, frå middelalderen til barokken og endå inn i vår tid. Her finn me tallause framstillingar av Jesu inntog til Jerusalem, av det siste måltid, av Judas og Peters svik. Me finn audmjukinga og torturen av Jesus og Pontus Pilatus som peiker på den nedbrotne frelsaren og seier «Ecce homo» – sjå dette mennesket. Me finn bilete etter bilete av korsfestinga, av det romerske spydet som gjennomborar sida til Jesus, av den medtekne kroppen som endeleg vert teke ned frå korset; påskepasjonen er bygd over ein høgdramatisk lest, med scener fulle av fysisk vald og smerte. Og så, som om verda brått er blitt stille: den heilage Maria som sørgjer over sonen, som ligg død i fanget hennar.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?