Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om taktikk, ikkje tog

Dersom det eg skreiv 8. mars om kvinner som går i tog blir oppfatta som polemikk retta mot Jonas Bals (etter Bals sitt svar til meg 11. mars), har eg uttrykt meg dårleg og seier meg lei for det. Usemja mellom oss er truleg mest skinusemje. Eg trur sjølvsagt heller ikkje at berre det å gå i tog fører til endringar, sjølv om talet på folk som protesterer i gatene sender viktige signal. Det eg helst ville ha fram var at det har vist seg å ikkje vere spesielt taktisk klokt av kvinner om dei underordnar seg overordna strategiar sett av representantar (historisk sett har det vore menn) for til dømes ei klasse, eit parti, ein profesjon, eller for den del ei frigjeringsrørsle. Då har det vist seg at kvinnene lett sit att med svarteper, og at dei må vente lenge på rettferd.