Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Malstraum: Stig Aasvik lèt kverna gå i «Lofotveggen».

Skrifta på veggen

Stig Aasvik

Lofotveggen

Roman

Cappelen Damm 2107, 318 sider

Når eg googlar Stig Aasvik, dukkar det opp bilete av bøkene til Lasse Gustavson, Heidi Løke og andre kjendisar som eg, etter å ha lese «Lofotveggen», forstår han har vore skuggeskrivar for. Det dukkar også opp eit bilete av Aasvik kledd i Forfattarlandslaget si trøye (med Klassekampen-logo!), og i bakgrunnen, bak tøyande og bøyande forfattarar som Birger Emanuelsen og Lars Haga Raavand, kven sit der, på tribuna? Det er meg – kritikaren som har fått tilsendt Aasviks nye, sjølvbiografiske roman! Blir det jubling?