Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Klingklang: «Satantango» gir ei svimlande oppleving av det totalitære samfunnets sataniske orden.

Evig runddans

Tango: Boka til Lásló Krasznahorkai er strukturert som seks steg fram og seks steg attende. Illustrasjonsfoto: DANIEL GARCIA, AFP/NTB Scanpix

László Krasznahorkai

Satantango

Roman

Oversatt av kari Kemény

Cappelen Damm 2016, 260 sider

«Det som er bak meg, er fremdeles foran meg. Aldri fred å få». Utsegna kjem frå Futaki, haltepinken vi møter i opninga av László Krasznahorkais debutroman frå 1985. Når ein les romanen første gong, heftar ikkje naudsynleg utsegna ved lesaren. Les ein den om igjen, ser ein det profetiske i sitatet, som kjem rett før omsnuingspunktet i romanen: «Satantango» har to delar, og er strukturert som seks steg fram og seks steg attende. I tillegg bit romanen seg sjølv i halen på ein måte som eg ikkje vil frårøve lesarane å oppleve sjølve.