Arne Kvalheim
Rolf Hofmo. Et liv i idrett og politikk
Biografi
Transitt 2016, 400 sider
I fjor var det 50 år sidan Rolf Hofmo døydde. I den samanhengen gav Arne Kvalheim ut boka «Rolf Hofmo. Et liv i idrett og politikk» om mannen som utan tvil har betydd mest for å leggja grunnlaget for idrett og fysisk aktivitet i Norge. Og knapt nokon kunne vera betre skikka til å skriva boka enn Arne Kvalheim; tidlegare toppidrettsutøvar, bystyrepolitikar for Arbeidarpartiet i tolv år og ein mann med meiningars mot tilhøyrande venstresida, slik også Hofmo var det. Boka er svært velskriven og ikkje så rett lite spennande når det gjeld Hofmo sine tankar og handlingar for å få til samfunnsomveltning til beste for idretten og for å få «hele folket i fysisk aktivitet». For han og fleire med han var dette like viktig som å få «hele folket i arbeid».