Fråværsreglar
- Stortinget har vedtatt at det frå dette skoleåret skal innførast ei fråværsgrense i den vidaregåande skolen som inneber at elevane ikkje får karakterar i fag der dei har meir enn ti prosent ulegitimert fråvær. Dei nye reglane har utløyst sterke reaksjonar: Tusenvis av elevar gjekk til politisk streik før sommarferien. Lærarar har reagert på at grensa på ti prosent er for streng. Foreldre har no ved skolestart stilt kritiske spørsmål på foreldremøte over heile landet. Dessutan har køyreskolane protestert iherdig, fordi elevar droppar å ta førarkort for bil av frykt for å få for høgt fråvær frå skolen. Fastlegar har fortalt at dei no blir rent ned av forkjølte elevar som må dokumentere at dei er sjuke, sjølv om dei ikkje treng legetilsyn. Reglane er nemleg så strenge at melding frå foreldra ikkje er dokumentasjon god nok. Den viktigaste kritikken mot det nye reglementet handlar om at elevar som mistar karakterar i små fag med berre to timar i veka, kan komma til å gi opp heile skolegangen. Auka fråfall er det motsette av det politikarane vil oppnå.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent