Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tilbakeblikk: Wærenskjold dukkar ned i dokumenta frå sin eigen barndom.

Mennesket i mappa

«Men diktene mine skal aldri være bevis» står det, åleine, på to sider i «Syv somre og femten vintre». Framhevinga og gjentakinga får meg til å tru på det, utan at det blir ein besvergelse: Desse dikta er ikkje bevis for noko, men dei ber vitne om noko, ikkje ved å gjenfortelje det, men ved å skildre verknaden av det. Difor ligg det trøyst – om enn ikkje lindring – i ei anna setning som får stå åleine mot slutten av boka: «Så lenge det er du som slår er det jeg som er god».