Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tapt tid: Lengsla er framleis ei sterk kraft i Karl Ove Knausgårds litteratur.

Barndomens rike

FYLDE: Boka er illustrert med Anselm Kiefer sine måleri. «Ich bin der ich bin» 2015, akvarell på gipsbelagt papp, 57x48x6cm. © Anselm kiefer/foto: Charles Duprat

I løpet av dei fire bøkene i Karl Ove Knausgårds årstidssyklus har dottera, som bøkene er stila til, tatt det utrulege spranget over grensa mellom det som ikkje er og det som er. For meg er det openbert at mykje av krafta i bøkene ligg lada i sjølve tiltalen til dette vesle vesenet, dette «lille du» som kryssar denne grensa.