Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mindfulness

På terskelen til morgon-huset

Kanskje burde me ta mindfulness tilbake frå butikkar og seljarar.

Det er skremmande til ein nesten fascinerande grad korleis marknadskreftene og kapitalismen er i stand til å fanga opp, pakka inn og laga eit produkt for sal av nesten kva som helst som måtte dukke opp og ha interesse for menneska. Eg kan hugsa korleis det seint på 1970-talet dukka opp store plakatar både i reisebyrå og i mektige bankvindauge som viste fotografi av ungdommar, litt liksom-hippiekledde, litt liksom-radikale, som bar banner og plakatar i ein liksom-demonstrasjon, og der det dei kravde var nøyaktig det som desse økonomiske bedriftene hadde for sal.