Fryktens arkitektur
22. juli-terroren skulle møtast med openheit. I staden har terrorfrykta ført til skjulte avgjersler og eit militarisert byrom.

Det fatale bombeåtaket på Regjeringskvartalet i Oslo 22. juli 2011 har hatt stor innverknad på hovudstaden, både med tanke på overordna planlegging, diskusjonar om arkitektur og fysiske endringar i byen. Utviklinga kan best karakteriserast som ei gradvis «militarisering av byrommet», for å låne eit uttrykk frå den britiske byforskaren Stephen Graham. Uttrykket siktar til den panikkarta opprustinga som har ein tendens til å oppstå i byar som prøver å kome til hektene etter terrorhandlingar. Når redsel rår, kjem det gjerne radikale forslag på bordet, som då enkelte amerikanske aviskommentatorar foreslo å innføre forbod mot skyskraparar i etterkant av 11. september 2001.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent