Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I Israel/Palestina blir arkeologi brukt til å støtta ideen om ein historisk rett til landet, seier filmskapar:

Sciencefiction i Palestina

Sciencefiction: I filmen «In the Future They Ate From the Finest Porcelain» plantar folk gjenstandar i jorda slik at arkeologar skal finna dei i framtida. ALLE FOTO: LARISSASANSOUR.COM

Sciencefiction er spent opp mellom nostalgi og ambisjonar for framtida. Difor egnar forma seg godt til å spegla situasjonen til palestinarane, seier kunstnaren Larissa Sansour.

Filmane til den palestinske multikunstnaren Larissa Sansour er oftast å sjå i kunstmuseum. Der går dei gjerne inn i ein større installasjon.