Gøy på landet
Så sterkt står Ringsaker-ordføraren at det nesten smakar av det opplyste einevelde.
Me hadde lest det i ei av lokalavisene, før me sette oss på toget og reiste innover i landet.Framme i Brumunddal, ute i gata og inne på storsenteret, stemte folk i. Alle var einige. Ordføraren er den beste me har hatt, blei det sagt. Dei peikte på torget, sa «sjå kor fint det er blitt i sentrum av Brumunddal», og skrytte av full barnehagedekning med opptak heile året. Berre éin mumla noko om at det kunne vore gjort meir i Moelv, men også han likte ordføraren. Til og med stortingspolitikaren som representerer Hedmark Frp, Tor André Johnsen, som kom i rask gonge over det nye torget, med ein stor pakke under armen, dryste lovord over Ap-ordføraren, der ho stod og poserte for fotografen ved sida av ein bronseelg.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn