Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Politisk estetikk: At det estetiske er politisk, er eit kjent uttrykk i kunsten. I dansk politikk hausten 2015 har det omvende gjort seg gjeldande.

No way

Det har vore ein mørk haust i dansk politikk. Vi sit att med dette bildet: Danmarks integreringsminister Inger Støjberg ikledd ei svart dunjakke, i snø framfor regjeringa sin teltleir, slått opp for nykomne asylsøkjarar. Det tvitydige smilet hennar signaliserer minst to ting – dette er anstendige forhold (det er ikkje snakk om noko brot på menneskerettane), og dette er ikkje gode forhold (hald dykk borte, asylsøkjarar). Teltleirane vart kritiserte av Dansk Røde Kors sin generalsekretær for å vere unødvendige, då stat og kommune rår over tomme bygningar som godt kunne husa asylsøkjarar. Så kvifor telt? Ikkje av naudsyn, men for eit naudsynleg uttrykk; telta sender ein langt meir avgjerande bodskap enn Inger Støjbergs tvitydige smil – det ikkje-permanente ved telta viser at her kan ingen verte buande. Snøen kom i grevens tid.