Etter euforien rundt Morten Tyldums «The Imitation Game» i fjor, er norsk Oscar-merksemd tilbake til normalen i år: ingen nominasjonar. Om ein ser på den mest aktuelle kategorien, «Beste framandspråklege film», er det norske fråværet forståeleg: Ungarske László Nemes’ festivalfavoritt «Sauls sønn» (på kino 19. februar) er ei nyskapande Holocaust-historie. Tyrkisk-franske Deniz Gamze Ergüvens «Mustang» (på kino 26. februar) går rett inn i betente debattar om bakstreversk kvinnesyn og tvangsekteskap. Jordanske Abu Nowars beduinhistorie «Theeb» ser Lawrence of Arabia-epoken med arabiske augo, medan kolombianske Ciro Guerras visuelt spektakulære Amazonas-fabel, «Embrace of the Serpent», er ei nytolking av forholdet mellom Europa og Sør-Amerika. Filmen blir vist på TIFF i Tromsø til veka.
I år er det mange nordiske Oscar-kandidatar, men ingen norske. Unike historier lokkar Oscar
Film