Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Anmeldelse

Mareritt utan ende

Ny tyngd: Medan vi framleis ventar på sanninga om «Scandinavian Star», har Lars Halskov skrive ei bok å bli klok og harm av.

Tragedie: Bilde frå brannen om bord i «Scandinavian Star», der 159 menneske omkom. Foto: Tor Arne Dalsnes, SCANPIX

Lars Halskov

Brannen. Gåten Scandinavian Star

Sakprosa

Omsett av Gunnar Nyquist

Gyldendal 2015, 382 sider

Er det framleis noko nytt å fortelje om «Scandinavian Star»-tragedien, skipsbrannen som kosta 159 menneske livet på ferda frå Oslo til Frederikshavn natt til 7. april 1990? Det gjer faktisk den danske gravejournalisten Lars Halskov i boka «Brannen. Gåten Scandinavian Star», som kom på norsk i haust.

I dei 25 åra som har gått, har det komme eit halvt dusin bøker i Norge og Danmark om denne uløyste kriminalgåta. Halskovs bok er nok den beste. Dette skuldest dels at han står på skuldrene til andre som har grave og grave, dels at han med nye kjelder legg nye brikker til puslespelet. Men den største styrken er at han gjev rikeleg plass til den menneskelege tragedien, fletta inn i den kompliserte saksframstillinga. Det gjer han ved å følge eit utval familiar som vart råka, på engasjerande vis.

Særleg sterkt er møtet med danske Jette Andersen, enke etter lastebilsjåføren Erik Mørk Andersen, som omkom i brannen. Ho har ikkje hatt det lett i livet, og verre vart det då ho, etter å ha mista ektemannen, også måtte leve med at han fekk skulda for katastrofen. Teorien om at Andersen var brannstiftaren stod så sterkt at etterforskinga vart grovt forsømt. Politiet og påtalemakta i Norge var i 1991 overtydd om at gjerningsmannen var død, slik at det ikkje var nokon å straffe. Først 24 år seinare gjekk politiet bort frå å peike ut sjåføren som gjerningsmann.

Den nye danskeferja «Scandinavian Star» såg imponerande ut der ho tok om bord bilar og 482 passasjerar i Oslo hamn fredagskvelden før påske i 1990. Men det var utanpå. Skipet var nyss overtatt og klargjort i all hast, med nytt mannskap. Eitt av mange ubesvarte spørsmål har vore korleis skipet kunne bli sett i trafikk før det var forsvarleg. Dette har fått ny tyngd med ei oppsiktsvekkjande historie i Halskovs bok.

Den røynde skipsinspektøren Erik Stein i forsikringsselskapet Skuld reiste frå Sjælland til den tyske hamnebyen Cuxhaven for å inspisere skipet før Skuld teikna ansvarsforsikring. Stein såg raskt at det mangla mykje før skipet var seglingsklart. Det var rot og kaos om bord. Det var problem med branndører, sprinkelanlegg og livbåtar. Det viktigaste var at mannskapsmangel gjorde det uråd å gjennomføre brann- og evakueringsøving. Stein sa til kapteinen at han ikkje fekk segle med passasjerar før han hadde godkjent skipet ved ny inspeksjon, og etter godkjente øvingar. Han gav Skuld i København beskjed om at skipet ikkje var klart. Han høyrde ikkje meir frå reiarlaget eller skipet, og ei veke seinare skjedde tragedien.

Det er berre ei mogleg forklaring på eit så eklatant brot på tryggjingsrutinar: Store pengar stod på spel. Historia om «Scandinavian Star» handlar mykje om nesten ugjennomtrengelege eigarforhold og transaksjonar. Halskov gjer sitt beste for å gje ei oversiktleg framstilling, men denne delen av materien er og blir tung.

Etterlatne og pårørande hadde nesten gitt opp å få sanninga fram. Då Kjell Ola Dahl gav ut «Dødens seilas» (Pax) i 2012, verka alle dører lukka. Men det maurflittige arbeidet til skribentar som Dahl og Halskov, og ikkje minst den norske Støttegruppa, gjer at saka på nytt har komme på bordet. Politimeisteren i Oslo overprøvde i 2014 si eiga prosjektgruppe og bad om ny etterforsking, med vekt på økonomiske interesser. Og Stortinget har vedteke ei parlamentarisk gransking.

Medan vi framleis ventar på svar, har Lars Halskov skrive boka som både kastar nytt lys over dramaet og får fram att harmen som høyrer til.

Alf Skjeseth