Lauvblåsarblues
Godt grep: Johan Harstad har eit talent for å sveipe og sveve over tidsspenn, og samstundes manifestere det i handfaste detaljar.

Johan Harstad
Max, Mischa og Tetoffensiven
Roman
Gyldendal 2015, 1104 sider
Det er rette tida for å lese «Max, Mischa & Tetoffensiven». Utanfor vindauget mitt går vaktmeisteren rundt med lauvblåsaren i handa, og blada fyk, lett og bestemt på same tid, slik dei må gjere om ein yrkeslesar skal kome seg gjennom denne store boka på tilmålt tid. Om lag halvvegs dukkar ein lauvblåsar opp også i romanen. Etter at norske Max – som blir flytta til USA som tenåring – har fått vite at foreldra skal skiljast, sit han på trappa og studerer lauvblåsarane som er i aksjon i gatene. Han byd ein sigarett til ein av arbeidarane, som tek ein pause og fortel at han opphavleg er frå El Salvador, men at han rømde frå borgarkrigen der og kom til USA for tolv år sidan. Dette blir sagt i 1993, året etter krigen tok slutt, men lauvblåsarbeidaren har ikkje reist heim.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn