Ei dirrande nerve
Raudlista: Det er noko akutt i denne boka, noko nødvendig som realiserast.

Inger Elisabeth Hansen
Å resirkulere lengselen, avrenning pågår
Poesi
Aschehoug 2015, 56 sider
Av og til er det berre ei linje som skal til. Ei kort formulering som går som eit ras gjennom heile diktet, og får alt til å snu seg 180 grader. I Inger Elisabeth Hansens seinaste diktsamling møter me ei slik formulering allereie i det første diktet: «Brukte jeg Klippeblåvingen som en farkost for lengselen min?» Fram til dette har diktet vendt seg til den nemnde Klippeblåvingen, ein sommarfugl som lever her hos oss, svevande over solvermde norske svaberg. Etter kvart får me vita at ho er «fordrevet av «arealpolitikken» og «står på den røde lista», slik at diktet blir ein stad der «du blir gjennomlyst av din egen forsvinning som en stjerne slokna/ for lengst».
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent