Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den svake politiske interessa for Baselkomiteen er tankevekkjande.

Frå Weimar til Basel

Tysk sirenesong: Tidene skifter; dei siste par åra har eg reist mykje til Tyskland, mest til Berlin, Frankfurt am Main og Hamburg – på konferansar, kurs og møte. Med god grunn, for i dagens Europa er det berre i Austerrike, Noreg og Tyskland at sparebankar framleis er nasjonaløkonomisk viktige. Fenomenet sparebank er jamvel ei tysk «oppfinning». Men for meg er Tyskland meir enn pengar og renter. Sist sommar ferierte vi ved Austersjøen i Mecklenburg-Vorpommern. Der, på barar i Stralsund og på Rügen (valkrinsen til Angela Merkel), heia eg på det tyske landslaget i fotball-VM. I år drog eg til Weimar: byen til Goethe og Schiller, utgangspunktet for Weimarrepublikken.