Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rassia

  • PSTs rassia mot heimen til filmskapar Ulrik Imtiaz Rolfsen er uttrykk for kor sterkt Norge no blir prega av den såkalla krigen mot terror. Vi har lenge deltatt i den feilslåtte krigføringa i Afghanistan, og no sender vi også militære til kampen mot IS i Irak. Her til lands er Politiets sikkerheitsteneste pådrivaren bak den omstridde væpninga av politiet, som stikk i strid med viljen til Stortinget og folket ser ut til å bli permanent. PST ønsker også å få vedtatt ei framandkrigarlov som truar rettstryggleiken og som vil gi dei hemmelege tenestene langt friare hender til overvaking av norske borgarar. På toppen av dette har no PST gått til aksjon mot ein dokumentfilmskapar og tatt det journalistiske råmaterialet hans. Aksjonen kom fordi dokumentarfilmen til Rolfsen blant anna skal omhandle ein etnisk norsk attenåring som tysdag vart arrestert, mistenkt for å ville slutte seg til IS i Syria.