Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Grunnlovsjubileet prega av dokumentmystikk og rehabilitering av kongen:

Historiefiksert

«EIDSVOLL 1814–2014»: Grunnlovs rappen var ein av dei største suksessane under grunnlovsjubileet. Foto: Frå NRKs video

Folkefeiringa av Grunnlova i fjor likna 17. mai. Den offisielle jubileringa var mest opptatt av papira frå 1814, ifølge ei gransking av jubileet.

Dei som mest entusiastiske feira Grunnlova i fjor, var folk som stemmer på sentrums- og venstrepartia, medan dei få som boikotta 2014-jubileet i første rekkje høyrde heime i Frp – og i noka grad Høgre.