Kosmisk banklån
Soga om Big Bang minner om Første mosebok.
Ein gong kring siste hundreårsskifte, mens Vitenfabrikken i Sandnes enno heldt til i den eldgamle Krossen Havremølle, stod folk tett som gryn i pose for å høyra stjerneforskaren Knut Jørgen Røed Ødegård forklara løyndommen med universet. Klint opp mot ein vegg der han med nauda hadde olbogerom til å skriva nokre tal på ei tavle, sa han noko slikt som at forholdet mellom materie og antimaterie kan samanliknast med å gå frå null i formue til å ta opp eit banklån. Før Big Bang fanst det ingenting. Straks etter var der for eksempel hundre tusen i kontantar og hundre tusen i gjeld.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn