Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Me treng å sjå forbi det industrielle jordbruket og bygge opp jorda i staden for å bryte den ned, skriv Bjørn Egil Flø.

Av jord lyt det kome

Jordnært: Me må lære av dei nær 500 millionar småbøndene som enno set på den lokalt tilpassa kompetansen om korleis eit jordbrukssystem i balanse fungerer, skriv forfattaren. Foto: Lance Cheung, Flickr

Jamt meir vêr i kjølvatnet av klimaendringane har synt oss at me har skapt eit matvaresystem som er meir sårbart enn kva me likar å tenkje. Titt kan me lese om flaum, turke og brann som har sett matproduksjonen kraftig attende med tilhøyrande bråe prishopp på mat.