Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om å kika ut gjennom augo til monsteret.

Endringsvilje

Eg arbeider på eit såkalla nasjonalt senter under Utdanningsdirektoratet. Eg har skrive doktoravhandling om unge menneske si skriving, om verdien av det å ytra seg, og undersøkt korleis me kan forstå ungdoms skrivedugleik i skule og fritid i samanheng. Eg trur at det å skriva godt i ulike fag og samanhengar har vore både undervurdert og underforstått som dugleik i skulen – men, til gjengjeld, kanskje, verdsett gjennom gode karakterar til dei som meistra kunsten.