Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Framtida

  • I 1900 stod Hammeren kraftstasjon ferdig. Den vakre bygningen ligg i nordaust-hjørnet av Maridalsvannet i Oslo, og blei eit av våre aller fyrste vasskraftverk. Hovudstaden var i ferd med å få elektriske trikkar, gatelys og industri, og behovet for straum hadde auka. Løysinga blei å utnytte vatnet i dei store innsjøane i Nordmarka og fallet på 105 meter mellom Skjærsjøen og Maridalsvannet. Ved opninga blei det føresett at kraftverket skulle dekkje heile Oslos energibehov for all framtid. I dag er kraftverket framleis i drift. Det produserer straum nok til 800 husstandar. Dei 315.624 resterande husstandane i Oslo må hente straumen sin andre plassar.